Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Patina og Genius Loci på stader - eit essay om kva moglegheiter og grenser dei tredje stadene har

Publisert 09.02.12 av Ulrika Staugaard

Siste del i en føljetong kryss.no har publisert i januar/februar 2012. Essayet er skrevet av Keld Buckiek fra Roskilde Universitet i Danmark.

 

Kan ein så planleggje seg til gode stader?

Er eksempel som den svenske byen Jakriborg uttrykk for at brukarvennlege stader kan skapast frå grunnen av, stader som frambyr seg som ramme om det gode liv, med den særlege graden av genius loci og patina som historisk synest å karakterisere førestellingane om realiseringa av det gode liv? Eller er det berre tale om pastisj, tomme kulisser, manglande identifikasjon og låg grad av "affordance"? Kanskje kan slike spørsmål slett ikkje svarast på. Vi er alle lesarar av bodskapane til stadene. Dei relevante spørsmåla er kanskje: Korleis vender denne eller hin staden seg til meg? Som ein forbrukar? Som borgar? Som eit menneske med mange ønske og behov? Som "berar" av ei livsform? Som å leve ein livsstil?
Svara på slike spørsmål set rammer for korleis kvar av oss ser stadsånda.

Trass i dette synest felles historisk baserte førestellingar å vere til stades innanfor den kulturkrinsen vi normalt drøftar desse perspektiva i, noko som kan forklare kvifor alle gjer det same og får auge på det same når gode stader blir kulturkartlagde og planlagde. Utviklinga på dei danske byhamnefrontane eller satsingane på kreative miljø er eksempel på korleis kommunar, byar og planleggjarar grip til den same verktøykassen og tek dei same verkemidla i bruk uavhengig av den geografiske og historiske konteksten til stadene. Overalt blir den same avgrensa mengda "kreativitet" putta inn i tomme industribygningar, produksjonsanlegg, hallar, hamner osv.: teater, kafear, konsertrom osv., i desperate forsøk på å puste liv i stadene og fremje genius loci. Å "mane" noko fram refererer til romarane sine dødsånder og svarer altså til å "gni på lampa", det vil seie få ånda til å materialisere seg. Men kva er denne ånda anna enn ei bestemming, det vil seie ei fastlegging og dermed fastfrysing av kva stadene har å seie?

Heilt motsett av ei slik bestemming meiner den tysk-jødiske kulturkritikaren Siegfried Kracauer (1889–1966) at kvaliteten til byane "bestemmes af det antal steder i dem, der er indrømmet improvisationen" (her frå Henrik Reeh Den urbane dimension 2002). På same måten som med dei tidlegare nemnde "fridomsverdiane". Lemberg etterspurde, kunne ein kanskje tenkje gode stader som "moglegheitsrom", som arenaer for innfall og med beredskap for å romme det uføresette, det heterogene og det flyktige. Det opnar for ei tolking av genius loci som vaktar av det momentane, den "avgjerande augneblinken", kjensla av lykke der opplevinga og staden smelter saman i eit uskiljeleg heile. Det er i den samanhengen konkret blitt argumentert (sjå Jeffries mfl., 2009) at mange menneske legg stor vekt på forholdet mellom livskvalitet og eksistensen av stader som oppfyller nokre bestemte kriterium, mellom anna som har ein særleg patina. Den nemnde undersøkinga tek utgangspunkt i eit omgrep som er foreslått av Oldenburg (1989): "dei tredje stadene" . Med omgrepet tredje stader er dette meint:

"[T]he great, good places that foster community and communication among people outside of home and work, the first and second places of daily life. Third places are the bars and coffee shops, the beauty salons and barbershops, bowling alleys and recreation centers, public places where people meet, congregate, and communicate." (Oldenburg, 1989).

Det idealtypiske biletet på tredje stader er Boston-tavernaen Cheers frå tv-serien med same namnet – "a place where everybody knows your name", som kjenningsmelodien uttrykkjer det. Cheers fungerte som ein slags heim utanfor heimen, midt mellom arbeid og heime. Oldenburg ser ei rekkje sentrale karakteristika ved tredje stader: Territoriet til staden blir oppfatta som nøytralt. Alle er velkomne, og slik sett er det ingen direkte vert. For somme er stadene naturlegvis ein arbeidsplass. Deltakarane på staden er folk med ein ulik sosioøkonomisk bakgrunn. Handverkaren og akademikaren møtest på staden. Staden fungerer altså som ein slags "utliknar" av dei forskjellane som er knytte til bransje, utdanning og jobb.Det som skjer på tredje stader, er først og fremst samtale. Det hindrar ikkje for eksempel servering av mat og drikke, men folk kjem primært for å føre ein konversasjon. Det kan handle om kona, mannen, arbeidet, livsproblem, opplevingane den dagen, moro osv. Tredje stader blir oppfatta som tilgjengelege. Ein møter ingen barrierar av fysisk, politisk eller monetær karakter. Eit diskotek med dørmenn som barriere og med dans som primær aktivitet fell altså utanfor. Staden er prega av gjengangarar, det vil seie "stamkundar", som utgjer eit slags lim på staden, og det at dei er der, sikrar ein kontinuitet, både reint økonomisk for staden og "kulturelt" som berarar av normer for staden, mellom anna ved at stemninga er prega av latter og "vittigheiter". Oldenburg ser ein stor del samfunnsmessig deltaking og demokrati fundert i dei tredje stadene:

"Third places function as unique public spaces for social interaction, providing a context for sociability, spontaneity, community building and emotional expressiveness. Third places also serve as a means of 'keeping in touch with reality' through intimate personal ties outside the home and workplace" (Oldenburg, her frå Jeffries mfl., 2009).

I den forstand kunne ein oppfatte dei tredje stadene som "Agora", det greske uttrykket for ein offentleg møteplass, eit slags romersk "forum", der lokalsamfunnssaker blir drøfta. I undersøkinga av kva dei tredje stadene betyr for livskvaliteten til menneske (Jeffries mfl., 2009), kom slike forståingar til uttrykk på mange måtar. Oldenburg arbeidde sjølv ut frå ei uro for tapet av tredje stader som del av den generelle utviklinga. Han såg ein risiko for at færre tredje stader medverkar til framandgjering, tap av lokal identitet og reduserte moglegheiter for "bonding" mellom menneske. Omvendt viste det seg i Jeffries og medforfattarar (2009) at folk i dei undersøkte områda hadde ei klar forståing av kvar og kva stader som ifølgje deira vurdering av livskvalitet spelte ei rolle, ikkje minst for den lokale kommunikasjonen:

"[T]hird place strengthens community ties through social interaction. It can foster commitment to local politics via informed public discourse. It also provides a feeling of safety and security by being publicly accessible and promoting open and visible interaction" (ibid. Jeffries mfl.).
 

I dei skandinaviske landa er foreiningslivet ofte tettare enn i dei amerikanske områda undersøkinga har teke for seg. Men med dei noverande tendensane til oppløysing av foreinings- og/eller partitilknytingar som mellom anna kan konstaterast i ein dansk kontekst, går dei tredje stadene inn i ein fornya aktualitet. I alle fall dersom ein kan overføre nokre av dei amerikanske erfaringane og tendensane. Jeffries og medforfattarar peiker slik på moglegheitene på dei tredje stadene for å fungere som lokalsamfunns-"lim":

"[T]third place offers stress relief from the everyday demands of both home and work. It provides the feeling of inclusiveness and belonging associated with participating in a group’s social activities, without the rigidity of policy or exclusiveness of club or organization membership." (Jeffries mfl. s. 336).
 

For Wood & Landry (2008) reiser dei tredje stadene derimot ei rekkje spørsmål. Sjølv om dei anerkjenner den "bondings-messige" kvaliteten til desse stadene, stiller dei seg kritiske overfor moglegheita slike stader har for å byggje bruer i eit interkulturelt perspektiv. Med andre ord er det ikkje gitt at kulturmøtet nødvendigvis blir fremja av tredje stader. Omvendt kan ein førestille seg rom som hindrar eller vanskeleggjer etablering av eit interkulturelt forum: "Perhaps a badly conceived and managed space can negatively detract from intercultural behaviour more than a well conceived and managed space can positively contribute to it." (ibid. s. 184). Dette etterlèt altså framleis plass til kultur- og byplanlegginga!

Relatert