Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Patina og Genius Loci på stader - eit essay om kva moglegheiter og grenser dei tredje stadene har

Publisert 01.02.12 av Ulrika Staugaard

Del 3 i en føljetong kryss.no publiserer i første halvdel av 2012. Essayet er skrevet av Keld Buckiek fra Roskilde Universitet i Danmark.

Kva gjer ein stad unik? Det er velkjent at mange stader blir opplevde som å vere utan unike kjenneteikn. Journalist og debattant Peter Olesen rettar i boka København bag facaderne (Borgen 1989) ein sviande kritikk mot den einsretta byplanlegginga i etterkrigstida: "Jeg forstår det ikke. Jeg kan ikke få ind i mit hoved, at det skulle være så påtrængende at skynde sig at få slettet alle historiske spor, også selv om de kun er 30-50 år gamle - bare for at få det hele til at se ens ud... Hvorfor skal der for enhver pris lægges afstand til det oprindelige og strømlines og moderniseres, så man ikke ved, hvor man befinder sig?" Her blir det altså sett søkjelys på det som den franske antropologen Marc Augé har kalla "non-place", det vil seie stader som ikkje har ein tilstrekkeleg grad av unik signifikans. Eksempel er lufthamn, gågate, supermarknad, motorveg. I motsetning til ikkje-stader blir stader opplevde gjennom spesifikke unike karakteristika.
 

Denne unike karakteren kan vere vanskeleg å setje ord på. Sidan oldtida har ein prøvd å finne eit omgrep for særeigenheita til stader i både ord og bilete. I den romerske byen Pompeii dukka det under utgravingane fram fleire bilete som viser menneske i gang med forskjellige aktivitetar mens dei står på ei overflate med ein stor slange buktande under seg. Slangen symboliserer "ånda" til den gitte staden, staden sin "genius loci". Med klare referansar til fleire sett av førestellingar om stadbunden energi (livsenergi, universets energi osv.), som til Feng'sui, Kami i Shinto, Numen, Sanctum Sanctorum og Tabernakel, er Genius Loci å sjå som eit samanfattande omgrep om "unikheita" til stader. Kor vanskeleg oppgåva enn synest, har det sidan oldtida vore eit ønske om å kunne kapsle inn / fange opp Genius Loci, ja, til og med å kunne bere ånda med seg til andre stader, jf. tabernakel. Den skotske bilethoggaren, fotografen og miljøaktivisten Andy Goldsworthy (*1956), som arbeider med "land-art" og "site-specific" skulptur, har i skulpturen The Neuberger Cairn prøvd ei slik innkapsling av ånda til staden. Skulpturen har form som eit ståande egg sett saman av steinstykke med ei skytsånd fanga inni. Den italienske fotokunstnaren Andrea Gravano, fødd i Milano (*1972), som har laga ein serie bilete med tittelen Genius Loci, har inkludert interessa for industrielle ruinar og kulturarven som ei ny form for Genius Loci. Poenget hos Gravano er følgjande observasjon: Mennesket har skapt stadene, utnytta dei, forlate dei, men "noko" er likevel att. Det som er tilbake, er "eit nærvær", det vil seie noko menneskeleg som del av strukturane. Menneske og struktur er føydde saman til eit "unicum" – frå tysk Unikum eller unikat (frå latin unus) som betyr "å vere eineståande" / eigenart ved eit objekt (verk, bygning, fotografi). Ein kan seie at ein unik stad har patina, eit omgrep som etymologisk lenar seg til Genius Loci på same måten som omgrepet habitus gjer det, det vil seie som noko avleira i objektet som formar oppfatninga.
 

Som nemnt er den konkrete bestemminga/fastlegginga av genius loci vanskeleg, kanskje til og med umogleg å gjennomføre. Men i det minste kan ein seie litt om kva element som er med på å bestemme den særlege karakteren til stadene. Poenget her skulle vere at den særlege karakteren til stadene står fram som eit samansurium av nødvendige element, frå historiske element til kulturelle, sosiologiske, politiske og økonomiske ditto. Å kartleggje genius loci, det vil seie "fange" den særlege patinaen til stadene, er i dag den store utfordringa, og samtidig det å vere merksame på at genius loci ikkje er noko fastfrose, men at både kunst, turistar, politikken mv. er med i ei konstant gjenfortolking av dette.

Den Englands-oppståtte rørsla Common Ground som blei grunnlagd av den engelske miljøplanleggjaren Sue Clifford i 1982, har som utgangspunkt "a celebration of the commonplace, the local, the vernacular and the distinctive", som det er formulert i boka England in Particular frå 2006. Med andre ord er det partikulariteten til stadene som er gjenstand for merksemda, under dette særeigenheita til stadene som òg den tidlegare nemnde Goldsworthy prøver å fange inn. Common Ground-rørsla er oppteken av utviklinga av lokalsamfunn, under dette korleis lokale produsentar (symbolsk samanfatta under eple-logoar) kan vere ei støtte til å halde stadsidentitet og kjensla av stadstilknyting ved like. Rørsla legg vekt på "the positive investment people can make in their own localities, championing popular democratic involvement, and by inspiring celebration as a starting point for action to improve the quality of our everyday places" (commonground.org.uk – alle sitat herfrå). Blant dei reiskapane rørsla foreslår å bruke, er "mapping of spirit of place" via utarbeiding av "Local ABCs" og "Parish Maps", det vil seie kartlegging og biletgjering av eigenarten stadene har.
 

Clifford formulerer det som eit "focus on locality, the smallest arena in which life is played out. The territory to which you feel loyalty, which has meaning to you, about which you share some knowledge, for which indignance and protectiveness is easily roused, the neighbourhood of which you have the measure, which in some way helps to shape you."
Den distinkte staden er òg testområdet til politikken: "This is the local, the actual place, where the reference is reality, indifference is unusual, detachment is difficult. Here we are somehow entangled, although we may behave thoughtlessly, responsibility tries to surface. It is here that values and facts act upon each other and are passed on by us to create wisdom about nature, about living, dying and remembering. And more prosaically, it is where 'strategy' and 'policy' are tested to breaking point."
 

Stadene sin genius loci eller patina trer kanskje mest distinkt fram under endringar: "Local, really local, significance is rehearsed in a subtle dance of detail and patina: we understand a place in close up, through stories retold, meanings shared, accumulations of fragments and identities. Our appreciation of it is often only tested when unsympathetic change threatens, or has already materialised." I ei slik tolking høyrest nesten eit ekko frå det tyskbaserte heimstad-omgrepet, som Common Ground-rørsla neppe ville erkjenne. Det er derimot klare konservative element i den måten å tenkje stad på, element som kan gjere ei forståing og påskjønning av endring og potensial vanskeleg.
 

Men å kjenne seg heime, å høyre til, å kjenne igjen og lese tradisjonen er sentrale element i denne tenkinga: "Whether you live in a town, a city or in the country, there are some things around you which are part of your daily round. Perhaps there are buildings which seem 'at home' in the landscape because they reflect the lives of the people who lived in the area before you - a mill, a line of houses, a quay or railway station; perhaps you enjoy a walk along lanes lined with primroses in spring, through water meadows or wild fells grazed by sheep; your walk may take you between the ducks on the canal and red brick warehouses, or through the sounds and smells of the street market to school. Wherever you are, it is the detail and overlays which have meaning to you and which give your area its own local distinctiveness." Kjensla folk har av tilhøyrsleforhold og "sense of place", verdisetjinga av dei spesifikke elementa til stadene, skaper ifølgje Common Ground-rørsla altså vilkåra for det gode liv.
 

Eit særleg element i Common Ground-rørsla sine aktivitetar er derfor tillaginga av kart over dei spesifikke elementa til lokalkulturen, kalla "Parish Maps": "A Parish Map demonstrates what people claim as their own locality and what they value in it - wild life, history, work, landmarks, buildings, people, festivals. It does not have to be precise or cartographically correct, but by illustrating locally distinctive activities and features, it helps you to focus on the everyday things that make your place significant to you and different from the next. It can include the elusive responses which cannot be measured or counted and also the invisible - the stories, dialect, names and fragments of everyone's history."
 

Dei moglegheitene ein spesifikk stad har for å oppfylle ei rekkje grunnleggjande behov for identitet, tilknyting, tryggleik, sosiale tilhøyrsleforhold, sjølvrealisering, fridom og naturlegvis fysiologiske behov kan kanskje samanfattast i eit omgrep som Gibson (1977) har foreslått: "affordance", i den forstand at den "affordance" som stadene har, speglar grunnleggjande menneskelege behov. Omgrepet har rot i teoretiseringar om persepsjonar i fysiske omgivnader og skal forståast som ein kvalitet ved ein gjenstand eller eit rom som tillèt ei bestemt handling. "Affordance" kan òg forståast som ei potensiell handling i eit spesifikt miljø. Det vi ifølgje teorien ser på stader, er først og fremst moglegheiter for behovstilfredsstilling og moglegheiter for handling. I seinare tolkingar av "affordance" har omgrepet fått tydinga "objekt/stad, som inviterer til ein bestemt bruk". I den forstand kan omgrepet forståast som "brukarvennlegheit".

Relatert