Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Patina og Genius Loci på stader - eit essay om kva moglegheiter og grenser dei tredje stadene har

Publisert 24.01.12 av Ulrika Staugaard

Del 2 i en føljetong kryss.no publiserer i første halvdel av 2012. Essayet er skrevet av Keld Buckiek fra Roskilde Universitet i Danmark.

Ein felles ambisjon i notidige planleggingsdiskusjonar er ønsket om å finne ut kva som kjenneteiknar ein god stad, eit godt miljø, og korleis gode stader og miljø blir haldne ved like, blir skapte og utvikla.

Denne ambisjonen blir delt av uteljelege planleggjarar, forskarar, skribentar og praktikarar og har prega litteraturen om byen gjennom historia så vel som i forskjellige kulturar. Førestellinga om "det gode liv" og den moglege eller umoglege realiseringa av dette i ein urban kontekst er beskriven og inntenkt i verk og planar i eit nesten heilt ufatteleg stort omfang. Å seie noko nytt og annleis om denne førestellinga er derfor i prinsippet umogleg. Likevel kan i det minste to tankegangar identifiserast: Den eine knyter seg til byen sin relasjon til "civis", det vil seie til eit sivilisasjonsideal der tanken om at dette er øydelagt av byen, ofte finst, den andre tankegangen knyter seg til opplysningstidsdraumen om den perfekte byen, rasjonell og planlagd ned til den minste detaljen (sjølv den perfekte innbyggjaren), det vil seie til "polis". Overfor denne førestellinga er Amin (2002, 2006) kjend for åtvaringa si mot å tru på at ein kan forme menneskeliv ved å forme det offentlege rommet deira . Det er likevel ei heilt dominerande tru: Forsøka på å planleggje seg til utfaldinga av det gode liv ved hjelp av staden spenner vidt og inkluderer prosjekt som Ebenezeer Howards Garden City, Le Corbousiers megabydelar, Frank Lloyd Wrigths arkitektur osv., osv. Eit generelt trekk i dei mange planforsøka synest likevel å ha vore ei hovudvekt på å "byggje seg til det gode liv", det vil seie designe funksjonelle bygningar og funksjonell infrastruktur, mens tanken om å "la vere å byggje" sjeldnare har vore ein del av realiseringa av det gode liv. Om dette skreiv den berømte danske byplanleggjaren Kai Lemberg allereie i 1981:
 

"Det er langt sjældnere at byplanlægningen tilgodeser frihedsværdier såsom boliger hvis endelige udformning beboerne selv kan gøre færdig og senere lave om på, plads til eksperimenter på brugernes betingelser, indretning af fælles værksteder for kreativ udfoldelse, fastholdelse af ubebyggede arealer til disponering i senere plan-perioder, fleksibelt institutionsbyggeri til successivt forskellige anvendelser, selvstyrende medborgerhuse, delegering af myndighed til lokale grupper." (Kai Lemberg, "Skitse til en teori om Den Gode By", SBI, 1981).
 

Ein liknande observasjon gjer dei amerikanske geografane John Rennie Short og Yeong-Hyun Kim i boka si om byar i eit globalt perspektiv:

"All discourses have their silences. In the new representations, more is said about the city as a place for business, for work, attractive to the senior executives and the governing class of the business community, and much less is said about the city as a place of democratic participation, as a place of social justice, as a place where all citizens can lead dignified and creative lives." (frå Globalization and the City, Longman 1999).
 

Fråværet, eller i det minste eit kvantitativt mindre omfang, av alternative planleggingsforståingar ("tagnaden" i desse diskursane) heng naturlegvis saman med mange faktorar, som karakteren til økonomiske og sosiale logikkar og kulturelle representasjonsregime av ulik art. Men viss stader blir sedde på som lokalisering av den potensielle realiseringa av det gode liv, vil det vere naturleg å undersøkje fenomenet "den vennlege staden", det vil seie om og korleis kjensla av identifikasjon kan fremjast, slik som Norberg-Schultz formulerer at er formålet til arkitekturen. Kvaliteten stadene har, handlar mellom anna om å høyre til og om identitet. Identitet handlar om eigenart (frå latin idem – "same"), men òg om å høyre til ein kategori eller eit fellesskap. Utan relasjonar til fellesskap har mennesket ingen identitet. Geografen Relph skil for eksempel derfor mellom stader og ikkje-stader, det vil seie mellom situasjonar der menneske kjenner seg knytte til ein stad, og stader utan identifikasjonsforum.
 

Relatert