Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Patina og Genius Loci på stader - eit essay om kva moglegheiter og grenser dei tredje stadene har

Publisert 17.01.12 av Ulrika Staugaard

Del 1 i en føljetong kryss.no publiserer i første halvdel av 2012. Essayet er skrevet av Keld Buckiek fra Roskilde Universitet i Danmark.

Ei gruppe beståande av to biletkunstnarar og to arkitektar sette seg i 2008 føre å undersøkje korleis bebuarar, institusjonar, arkitektar og kunstnarar kan rustast til å arbeide betre saman og skape byar for alle. Dette prosjektet tok utgangspunkt i det som i dag synest å dominere debatten om gode byar, nemleg i dei mange falma bustadkvartera i dei tidlegare velferdsstatane som av og til blir omtalte som gettoar og dermed som problem.

Konkret danna det nedslitne københavnske bydelssentret Solvang i det allmenne bustadområdet Urban Planen ramma for eit eksperiment (kalla SOUP – Sol over Urban Planen ) som gjekk ut på revitalisere staden (for ei kort tid) gjennom ein aktiv bruk av kunstnariske aktivitetar i dialog med bebuarar og institusjonar. Prosjektet var omfattande og skal ikkje gjennomgåast her, men to element kan takast ut som ei innleiing til dette essayet: Kunstnarane og bebuarane blei tidleg i prosjektet svært opptekne av konkrete stader å møtast. Mangelen på tilhaldsstader i området førte mellom anna til det vesle prosjektet "Verdensbænken", ein liten møtestad bygd opp omkring eit eksisterande, men ikkje brukt, sykkelstativ. Det andre kunstprosjektet som skal framhevast her, var "Apetreet", eit nesten 4 meter høgt Araucaria araucana, henta frå Italia og planta på det forfalne butikktorget i området. Treet (også kalla Abernes Skræk på dansk) blir oftast sett på som del av hageanlegga til overklassen og opptrer i det sosiale bustadområdet som ein eksotisk gjest, ein representant for det "framande", som kunstnaren Kaj Nyborg uttrykkjer det. Begge desse aktivitetane i eksperimentet handlar om å identifisere og finne/utvikle den særlege karakteren til staden, eller som det blir uttrykt: "Hvordan kan vi gå i dialog med de forkætrede boligområders spøgelser?". Om dette handlar dette vesle essayet .
 

Debatten om relasjonen mellom by- og kulturplanlegging har endra karakter dei siste 5–7 åra. Der det tidlegare i høg grad handla om den potensielle veksten i eit opplevingsøkonomisk perspektiv, handlar det i dag i mindre grad om dei kreative entreprenørane. Krisa har betydd mykje i den samanhengen, og at ein i stigande grad er blitt medviten om det så vel urealistiske som uetiske i å leggje ansvaret for utviklinga på skuldrene av sårbare, fattige og laust tilsette kunstnarar av alle slag. I altfor mange tilfelle har det heilt mangla ein kunst- og kunstnarpolitikk, og ein har trudd vekst og utvikling ville komme av seg sjølv, viss berre for eksempel byutviklingsprosjekt fekk tilført litt kunstnarisk "sans". Sjølv om det stadig vekk blir arbeidd konkret næringsorientert i eit opplevingsorientert perspektiv, synest debatten i dag i høgare grad å handle om gode stader, tredje stader, demokratiske stader, møteplassar og interkulturelle plattformer, handtering av ulikskapar og bruken av kultur som middel til å trekkje inn borgarane.
 

Ikkje minst arbeidet frå Phil Wood og Charles Landry (sjå f.eks. boka The Intercultural City – planning for diversity advantage, Earthscan, 2008) har medverka til eit endra syn på planlegging av byar og stader. Utover at forfattarane generelt demonstrerer dei sosiale og økonomiske fordelane ved å tenkje omgrepa ulikskap og kulturmøte inn i planlegginga, så har dei med omgrepet openheitsindikator sett søkjelyset på korleis stader kan "lesast" med ein interkulturell optikk, og korleis forskjellige stader "frambyr seg" forskjellig.
 

Relatert