Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Kulturplanlegging – håp og utfordringar

Publisert 15.02.07 av Ulrika Staugaard

Alle vil det! Store og små byar i Europa vil skape ein kreativ by for å profilere seg sterkare i konkurransen byane imellom.

Dei fleste refererer til kunnskapsentreprenørane Charles Landry og Richard Florida. Ideane deira har vore viktige for for eksempel Cultiva-stiftelsen i Kristiansand og kulturoppfølgingsprogrammet i Bjørvika. Det handlar om å transformere avindustrialiserte byar og område til ny vekst. Men få har interessert seg for korleis sjølve prosessen kan få ønskte resultat.


Richard Florida hevdar at kreative byar er kjenneteikna av at dei trekkjer til seg ny teknologi, unge talent og er tolerante. Dei byggjer veksten sin på kreative næringar som turisme, IKT, kunst og design, reklame og media, forsking og utdanning og ei heil rekkje andre former for kulturproduksjon og -distribusjon. Kreative menneske er mobile og kosmopolitisk orienterte, dei søkjer urbane kvalitetar, er karriereorienterte og innovative og har dei offentlege romma i byen som viktigaste fritidsarena. Byane må i dag konkurrere om å trekkje til seg kreative hovud og investorar. Homoseksuelle og single er grupper som er særleg knytte til den kreative byen og denne livsforma. Toleranse og openheit er derfor ei veldig økonomisk kraft.

Moglegheitene for å trekkje til seg den kreative kapitalen er avhengig av langsiktig strategisk kulturplanlegging. I ein skandinavisk samanheng er vilkåra best i dei største byane. Men ideen om den kreative byen gjeld ikkje berre storbyane. Ideen lèt seg utmerkt tilpassast kjenneteikna til mindre byar og tettstader, samtidig som det alltid vil vere nødvendig å tenkje kulturkvalitetar i ein brei samanheng.

Det er ingen tvil om at kulturelle opplevingar i dag blir etterspurde av stadig fleire menneske, og at det offentlege rommet i byen blir brukt på langt fleire måtar enn for berre 15–20 år sidan. Stadig fleire føretrekkjer å bu sentralt i attraktive bygningsmiljø og å bruke fritida si i spennande byrom. Vern og kulturminne er som ei følgje av dette tildelt ei stadig viktigare rolle i bypolitikk og planlegging.

Tida er med andre ord moden for at norske byar og tettstader utviklar ei forpliktande og langsiktig kulturplanlegging som både kan initiere økonomisk vekst og medverke til å betre dei kulturelle kvalitetane for lokalbefolkninga og tilreisande. Statsbyggs initiativ til kulturoppfølgingsprogram i Bjørvika er eit eksempel på slik nytenking.


 

Teksten er skrevet av John Pløger, NIBR, Knut Felberg, Statsbygg, Jonny Aspen, Arkitekthøgskolen i Oslo & Ragnhild Skogheim, NIBR.
 

"Havmannen"

"Havmannen"

Anthony Gormley, Skulpturlandskap Nordland, Rana.

Vegard Moen, Werner Zellien, Trym Ivar Bergsmo, David Kinsella

Relatert