Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Odda

– ein introduksjon

Publisert 05.03.07 av Ulrika Staugaard

Fjorden, fjella, fonna og fossane gjorde Odda til eit berømt turistmål på 1800-talet. Her låg 10 hotell og opptil 60 cruiseskip i løpet av eit år! I 1906 gjekk startskotet for industrieventyret. Dei store fossefalla i Tyssedalsfjella blei lagde i røyr i eit av dei største vasskraftanlegga gjennom tidene, og på dei flate bøane i turistbygda Odda blei den største karbidfabrikken i verda reist på kort tid, og industristaden Odda voks opp.

Odda Smelteverk legg beslag på cirka 160 mål, nesten halvparten av Odda sentrum. Smelteverket gjekk konkurs i mars 2003 etter nesten 100 års drift. Det er lagt ned byggje- og deleforbod fram til september 2007. Reguleringsplan for Odda Smelteverk er under behandling sommaren 2007. Delar av området er innløyst av Odda kommune, heile kaiområdet og somme av bygga rett innanfor porten. Resten av området eig konkursbuet. Det har vore gjennomført miljø- og forureiningsanalysar. Eigedomsverdien er vanskeleg å seie noko om før alle resultata av miljøproblematikken er lagde fram.

Mellombels freding av enkelte element og strukturar på området har vore og blir framleis diskutert lokalt. Problematikk knytt til vern og gjenbruk blir ei stor utfordring for kommunen framover. Odda Smelteverk har vore og er viktig for befolkninga i Odda. Diskusjonen om kva området skal brukast til, har vore intens, og engasjementet er stort. Mange prosjekt er sette i gang for å sikre at Odda får nye bein å stå på.


Tekst: Ingvild Hansen, Odda kommune

Odda siluetter, foto: Jonny Aspen

Odda siluetter, foto: Jonny Aspen

Relatert