Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Moss

Publisert 05.03.07 av Ulrika Staugaard

Gløym mosselukt og mosseport. Kunstfestival og store utviklingsprosjekt har sett Moss på kartet. Mindre enn ein times køyretur frå kulturtilboda i hovudstaden er nettopp kunst og kultur faktoren som gjer Moss attraktiv.

Moss i støypeskeia

Det er inga nyheit at politikarane i byen har forstått kor positiv kunst og kultur er for å trekkje til seg nye innbyggjarar og ny næringsverksemd. Allereie på 50- og 60-talet var Moss den største skulpturbyen i landet. Dei seinare åra har Østfold-byen satsa meir aktivt og målretta på kultur enn nokon gong tidlegare. Det har gitt resultat. Dei gamle industribygga i Møllebyen er rehabiliterte og fornya etter alle kunstens reglar og syner seg i dag å vere ei vital utviding av bysentrumet. Kunstfestivalen Feil! Hyperkoblingsreferansen er ugyldig.er ein annan faktor i suksesshistoria. No skal sentrum i byen gjenvinnast, og Sentrumsplanen er verktøyet som gjer det enkelt og føreseieleg å investere i Moss. Vi har vore på besøk i byen ved Oslofjorden. Vi har snakka med ordførar, Momentumleiar og Møllebyen-investor. Men kunnskapen om Sentrumsplanen har vi fått av Erik Roth Nilsen. Han er ein ihuga lokalpatriot som strøymer over av entusiasme for Moss. At han i tillegg er leiar av det kommunale utvalet for kultur, miljø og byutvikling, eller KMB-utvalet, gjer han til ein sentral figur når vi skal finne fram til bakgrunnen for at det går så bra med Moss.

Klare signal

Ved kommunevalet i 2003 fekk AP, SV og RV overvekt med éi stemme i bystyret. Det medførte at byutvikling blei sett i førarsetet. Med reservert støtte frå Høgre har det nyoppretta KMB-utvalet sett Sentrumsplanen ut i livet. Han var blitt vedteken allereie i 2001, men med det nye KMB-utvalet blei planen følgd opp av ein sentrumsoffensiv som blei vedteken seinhaustes 2004.

Sentrumsoffensiven er eit fireårig program som både inneheld ein gatebruksplan og ein visuell plan for sentrum. Innbakt i dette er retningslinjer for arkitektur, kunstnarisk utsmykking, design og estetiske retningslinjer.

– Kommentarane vi har fått, seier at Sentrumsoffensiven er eit flott grep som vil gjere investorar interesserte. Med den tronge økonomien kommunen har, har det vore viktig å markere ein dugnadsvilje frå kommunen si side: Vi har sett premissane og vil ha styringa, men vi signaliserer til investorane at dette må vere ein dugnad der alle partar må bidra. Kommunen har gjort ein del av jobben gjennom Sentrumsplanen, som forenklar planprosessen, seier Erik Roth Nilsen.

Gjenerobrar sentrum

Resultatet er at det no blir det grave og bygd mange stader i Moss. På tomta etter Moss Glassverk skal det byggjast oppunder 500 leilegheiter i regi av OBOS og Selvaagbygg. Summerer vi opp byggjeprosjekta, ligg det 2100 leilegheiter på beddingen i Østfold-byen. Midt i sentrum er eit stort område som tidlegare låg brakk, no byggjeplass. Her skal varehusetableringa Amfisenteret frå 60-talet utvidast med Bjørnson-kvartalet. Kjempesenteret med leilegheiter på toppen krev investeringar på mellom 400 og 500 millionar. Sidan Mosseporten kjøpesenter blei bygd ved E6 like utanfor byen midt på 80-talet, har sentrum tapt kampen om kundane. No skal sentrum igjen bli attraktivt. Prosessen med å få Sentrumsoffensiven på beina har vore breitt forankra. Erik Roth Nilsen fortel om ei rekkje stormøte og dugnadsgrupper som har jobba mellom anna med parkeringsspørsmål og kunst, arkitektur og estetikk. Han fortel at prosjektet har skapt ringverknader, at fylkeskommunen vil bruke erfaringane, og at Utsmykkingsutvalet for offentlege bygg skal bruke Moss som pilotprosjekt. Alt dette botnar i ein vilje til å ta kunst og kultur på alvor. Ordførar Paul Erik Krogsvold seier at dei til trass for svak økonomi har bestemt seg for å skjerme kulturen i budsjettet.

Kultur gir identitet

– Du kan godt snakke om å trekkje til seg næringsverksemd og investorar. Men det folk spør etter før dei tek ei avgjerd, er kulturtilbodet og miljøet i byen. Det at Galleri F15 blei etablert på kommunal eigedom i andre halvdel av 60-talet, er ei historie som forpliktar. Galleriet har hatt enormt mykje å seie for byen, og det same gjeld kunstfestivalen Momentum. Mange seier at dei ikkje liker det som blir stilt ut der, men Momentum betyr mykje for identiteten i byen. At han trekkjer til seg menneske utanfrå, og at han skaper omsetnad og overnattingsdøgn, er positive faktorar, seier ordføraren. Ordføraren ser gjerne Momentum i eit større perspektiv. Kommunen jobbar for å få fylkeskommunen til å etablere fylkesgalleri i Moss, og ordføraren ser store moglegheiter i ei samordning av Galleri F15, Momentum og fylkesgalleriet. Ordføraren er òg oppteken av å fortelje om det nye senteret i Møllebyen, der kommunen har laga til uteareala og plassert biblioteket og bymuseet i dei flotte lokala. Det nye kinosenteret i byen er òg lokalisert i Møllebyen, mens dei to gamle kinoane er konverterte til scener som er blitt svært populære.

Langsiktig investering

– Investor Vidar Salbuvik gjekk inn i Møllebyen kvart over tolv. Bygga var så fulle av sopp at dei nesten var kondemnable. Møllebyen er blitt det nye kulturelle senteret i byen, og det er hans investerings- og innsatsvilje som redda bygningsmassen frå riving, seier ordførar Paul Erik Krogsvold. Vidar Salbuvik blir lovprist frå mange hald for den innsatsen han og partnarane hans har gjort for å ta vare på og utvikle Møllebyen. Dei har til og med fått Statens Byggjeskikkpris for arbeidet.

– I ettertid er det lett å seie at kjøpet av Møllebyen i 1998 var basert på dårleg vurderingsevne, seier Vidar Salbuvik med ein vennleg latter. – Vi sa den gongen at dette er eit prosjekt vi ikkje vil tene pengar på med mindre vi legg eit veldig langt perspektiv til grunn. Timebetalinga har vore dårleg, men vi har meistra utfordringane og komme ned på beina, seier han. Vidar Salbuvik skryt av samarbeidet med kommunen. I 1998 fanst fleire kommunale planar som til dels var vidløftige. Publikum hadde resignert, og det var sterk rivevilje. Dei avgjerdene han tok, har vore gode for byen.

– Vi bygde verksemda i Møllebyen på to pilarar: kompetanse og kultur. Vi såg at mosseregionen mangla tilbod om høgare utdanning og satsa på å trekkje til oss eit slikt tilbod. Halvparten av ungdommane forsvann jo ut av byen. No er det blitt attraktivt å vere ung i Moss.

Kunstfestival

Møllebyen var arena for den første Momentum-festivalen sommaren 1989. Kunstfestivalen opna Møllebyen for publikum, og festivalleiar Jørn Mortensen meiner det er ei tragedie at Momentum ikkje kunne bli der. No held dei hus i gamle Moss Bryggeri, berre eit steinkast unna Møllebyen.

– Ved neste korsveg måtte vi byggje kompetanse på nytt. No har vi greidd å lage kontinuitet i institusjonen, Momentum er inne på statsbudsjettet, og i fjor greidde vi for første gong å få eit overskot, seier han. Akkurat det er viktig fordi underskota i 1998 og 2000 i all hovudsak gjekk ut over lokale leverandørar.

– Dårleg økonomistyring går sjeldan hand i hand med lokal tilhøyrsle. I 2004 brukte Momentum 3,5 millionar på lokale leverandørar, pengar som i hovudsak er henta frå statlege kjelder. Vi er i ferd med å få att det lokale eigarskapet, og i dag trur eg det ville vere veldig vanskeleg å flytte Momentum til ein annan by. Lokal tilhøyrsle skaper ein sterkare institusjon og høgare goodwill. Det betyr ikkje at vi reduserer dei kunstfaglege ambisjonane, seier Jørn Mortensen. Han tilføyer at forholdet til Moss kommune ikkje kunne vore betre:

– Eg er imponert over Moss kommune sin vilje og evne til å vere tolmodige med Momentum då vi var i etableringsfasen fram til vi fekk statstilskot i 2004. Dei har vore nervøse med omsyn til det økonomiske resultatet, men dei har stått last og brast med oss. Det at dei har halde ut, har skapt moglegheiter for ei flott utvikling i åra framover, avsluttar Momentum-leiaren.

Tekst: Statsbygg: Kryss magasin 2005

Møllebyen

Møllebyen

Møllebyen

Møllebyen

Momentum 2004

Momentum 2004

Ulrika Staugaard

Relatert