Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Stadig merksemd om rustne menn

Publisert 19.02.07 av Ulrika Staugaard

Anthony Gormleys skulpturprosjekt Broken Column i Stavanger får stadig stor merksemd. Under litteraturfestivalen Kapittel 04 blei det presentert ein dokumentarfilm om prosjektet og i tillegg ein marknadsanalyse av korleis lokalbefolkninga har teke imot dei 23 rustne mennene.

Gormleys 23 skulpturar – støypte, sandblåsne jernfigurar – er plasserte på like mange forskjellige stader i sentrale delar av Stavanger. Dei er utplasserte mellom anna i ein skolegard, på ein busshaldeplass og ved ein bensinstasjon. Nokre få av skulpturane er plasserte innandørs, mellom anna i eit klasserom, ein symjehall og ein butikk. Ein av dei rustne mennene har til og med funne vegen inn i eit privat hus. Namnet på prosjektet – Broken Column – speler på at kvar av skulpturane inngår som del av ei tenkt søyle som utliknar høgdeforskjellen mellom Rogaland Kunstmuseum ved Mosvatnet og sjøfronten til byen. 

Filmen Broken Column, som er laga av Lighthouse Productions og vil bli vist på NRK og BBC, fortel historia om prosessen bak skulpturprosjektet. Han viser mellom anna at realiseringa av det ambisiøse prosjektet involverte politikarar og ei heil rekkje offentlege instansar. Ein får eit interessant bilete av korleis kunstnariske intensjonar på mange og ulike vis blei brynte mot andre typar av samfunnsmessige omsyn og prioriteringar. Men filmen fortel òg om reaksjonar frå stavangerfolk på prosjektet. Både entusiastar og kritikarar, fagfolk og folk i gata får sagt meininga si. Det som gjer skulpturprosjektet til Gormley spesielt spennande, er kanskje nettopp at det involverer og engasjerer så mange. Reaksjonar på skulpturane er høgst forskjellige og spenner frå begeistring til det nesten hatske. Reaksjonane dreier seg sjeldan berre om kunstverka i seg sjølve, men om dei stadene og offentlege romma dei er sette inn i. På denne måten medverkar Gormleys skulpturar til auka refleksjon om eigenarten til dei offentlege romma og kva desse har å seie for folk.

At Gormleys skulpturar vekkjer merksemd i befolkninga, er no òg dokumentert i ei større spørjeundersøking gjennomført av Barometer Markedsanalyse AS. Dryge 400 menneske i stavangerområdet har svart på spørsmål om skulpturprosjektet. Målet har vore å kartleggje kjennskap, kunnskap og haldning til kunstverket, slik det blir formulert i rapporten. Ei liknande undersøking blei gjennomført i februar 2003, like etter at prosjektet var ferdigstilt. Dermed finst eit grunnlag for å seie noko om i kva forstand oppfatningane til befolkninga har endra seg.

Det viser seg at delen som stiller seg svært positive til prosjektet, har auka frå 25 prosent til 33 prosent, og at delen svært negative har gått noko ned, nærmare bestemt til 14 prosent. Nesten halvparten av dei som er spurde, svarer ja på spørsmålet om innbyggjarane i regionen kan vere stolte over å vise fram og fortelje om Broken Column til andre. Delen som ikkje deler ei slik oppfatning, er likevel på heile 38 prosent, så skulpturprosjektet må i høgaste grad kunne seiast å vere omstridt. Vel så interessant er dataa som fortel at heile 67 prosent av respondentane har snakka om eller diskutert prosjektet med andre, og at ein av tre har vist fram ein eller fleire av skulpturane til andre. Mindre overraskande er det at kvinner har eit meir aktivt forhold til skulpturprosjektet enn menn.

Då spørjeundersøkinga blei presentert på ein pressekonferanse som blei halden på Rogaland Kunstmuseum den 17. september, stilte Gormley seg svært skeptisk til heile undersøkinga. Han meinte at verknadene av eit kunstverk aldri vil kunne målast, å tru noko anna er å ville instrumentalisere kunsten. Gormley utdjupa synspunkta sine med å seie at det ikkje finst noko godt språk for å beskrive dei viktigaste effektane av eit kunstverk. Undersøkinga må derfor seiast å vere svært lite informativ. I alle fall måtte Gormley sjølv innrømme at han ikkje skjønte kva undersøkinga prøvde å fortelje. Kunstnaren skunda seg å leggje til at intensjonen med offentlege kunstverk som Broken Column ikkje er at kunsten skal bli meir offentleg, men å få offentlegheita meir interessert i kunst. Han har ønskt å involvere folk i den kreative prosessen. Vidare har siktemålet vore at folk skal gjere seg eigne erfaringar.

Sune Nordgren, tidlegare direktør ved Nasjonalmuseet for kunst, som samarbeidde med Gormley på the Baltic, tok òg ordet på pressekonferansen. Han peikte på at det er svært sjeldan at ny offentleg kunst spontant vinn aksept i befolkninga. Eit eksempel er nettopp Gormleys skulptur the Angel of the North i Gateshead. Denne blei i starten møtt med stor skepsis og høgmælte protestar. No er han derimot breitt akseptert og har nærmast fått status som eit ikon for heile Nord-England.

Det er tydeleg at dei 23 jernmennene i Stavanger framleis engasjerer og provoserer befolkninga i byen. I så måte må Gormleys prosjekt seiast å vere svært vellykka. Spørjeundersøkinga føyer seg inn i dette som nok eit lag av offentleg samtale. Noko overraskande er det derfor at ein kunstnar som arbeider med kunst i offentlege rom, ikkje er meir nysgjerrig på akkurat ein slik effekt.

Tekst: Jonny Aspen

Gormley på Stavanger museum

Gormley på Stavanger museum

Sten Nilsen, Rogaland Kunstmuseum

Gormley, ved havet

Gormley, ved havet

Sten Nilsen, Rogaland Kunstmuseum

Relatert