Hva er kryssHva er kulturplanleggingHvordan jobbe med kulturplanleggingHva er gjortHva er blitt tenkt
Kryss logo

Kryss

Kulturplanlegging

Lysdesign i byutvikling

Publisert 05.11.10 av Ulrika Staugaard

Porsgrunn kommune fekk eit lysseminar i gåve frå Statsbygg under utdelinga av KRYSS sin heiderspris i 2009. Den 4. november 2010 var 25 deltakarar frå Porsgrunn kommune, private arkitektkontor, rådgivarar innanfor lysdesign og frå Statsbygg samla i Statsbygg sør sine lokale i den gamle Tollboden i Porsgrunn. Her fekk dei høyre eit foredrag av lysdesignar og scenograf Kristin Bredal som sette søkjelys på kor viktig det er å tenkje på og planleggje for lysdesign i byutviklinga.

Bredal fortalde om ti ting du må vite om lys, og understreka at menneskeauget framleis er det same som då vi var steinaldermenneske. Derfor er solnedgangar, stjernehimmelen og leirbål dei lyskjeldene vi liker best. Lys i byen blir ofte brukt medvite for å fange merksemda vår. Menneskeauge blir trekte mot det sterkaste lyset, og derfor er lysreklamar så effektive for å fange blikket. Dersom alle aktørar uhindra får plassere lyskjelder i det offentlege rommet, vil dette bli ein ”kakofoni” av lyskjelder som konkurrerer om merksemda vår. Slike bymiljø gjer at lyset ikkje medverkar til at vi får den informasjonen vi treng, nemleg retning, høgder og attkjenning av ansikta på dei vi møter. Anbefalinga frå Berdal er å lage ein analyse av byen for å finne ut korleis han er organisert, korleis lysetjinga fungerer i dag, korleis dagslysforholda er, korleis gode kvalitetar kan forsterkast, kva som er bysjela, og kva som allereie er bra. Deretter blir det valt eit konsept for byen, og detaljplanlegginga av korleis lyskjeldene fysisk skal plasserast ut, kan starte.
Ordførar Øystein Beyer og leiar av utvalet for barn, unge og kultur Christian Tynning Bjørnø var einige om at det var svært viktig at Porsgrunn auka medvitet om dette temaet og ikkje minst fekk laga planar for lysdesignen i sentrum. Dette vil bli eit viktig tema ved realisering av det nye kulturhuset Elvespeilet, men òg for Skagerak Energi sitt nye kontorbygg, Floodeløkka, Reynoldsparken, strandpromenaden og Statsbygg sin flotte Tollbod. Regiondirektør Hans Frost kunne opplyse om at Statsbygg ville planleggje og gjennomføre ei lyssetjing av Tollboden i samarbeid med Porsgrunn kommune. Seminaret blei avslutta med ei byvandring for å sjå på nye lampetypar og gode og dårlege eksempel på bruk av lys i by.

Tekst: Tore Kildal

 

Lysseminar 4.november

Lysseminar 4.november

Kristin Bredal, sammen med ordfører Øystein Beyer og Hans Frost, Statsbygg sør

Foto: Tore Kildal

Porsgrunn rådhus lyssatt

Porsgrunn rådhus lyssatt

Porsgrunn rådhus

Relatert